Når Ask fyller 10 år har han sykla på to hjul halve livet.
– Det er gøy å sykle. Eg likar å sykle raskt. Dessutan er det veldig greitt når eg skal besøke vener. Det går så mykje raskare enn å gå, fortel Ask.
Han har tatt med seg sykkelen inn i pappa Stein sin verkstad på Sykkel & Kaffi på Stord. Her skal han vise kva han treng hjelp til, og kva han kan gjere sjølv.
– Eg syklar nesten kvar dag. Alltid når eg skal til skulen, og ofte i helgene også.
Då er det viktig at sykkelen er i god stand, fortel han.
Superrask
– Det er ein ganske bratt bakke der eg bur, og der likar eg å sykle nedover medan eg krummar ryggen – så eg ekstra fart. Når eg nærmar med botnen på bakken byrjar eg å tråkke på pedalane så fort eg kan.
Sidan Ask likar så godt å sykle rask er det viktig at han sjekkar dekka ofta, slik at det ikkje er rifter og skadar på dekka.
– Eg vaskar sykkelen sjølv, og sjekkar at dekka er heile og fine. Eg oljar kjedet, og viss kjedet ramlar av, kan eg setje det på att, fortel han.
Draumen er å sykle superraskt saman med pappa Stein og kameratane hans.
– Eg må vente til eg blir 12-13 år. Dei syklar nemleg veldig fort. Men pappa og eg kan sykle åleine på tur snart. Når eg blir 10 år!