Ask og sykkelreperatør Stein sine beste sykkeltips

Her får du son og far sine beste tips! Det er nemleg ein heil del du kan gjere sjølv for å klargjere sykkelen til våren.

Vask:

  • Start med å spyle sykkelen. Ikkje bruk høgtrykkspylar, men vanleg spyleslange. Høgtrykkspylaren presser ut feittet frå delane som har olje på seg, og om den forsvinn vert delane raskare slitte.
  • Bruk zalo, vatn og svamp/klut til å vaske over heile sykkelen. Start med å vaske dei reinaste delane, og avlutt med å vaske det som er skitnast. Ikkje vask skiva viss du har skivebrems.

LES MEIR: Ask (9): Eg likar å sykle raskt

Skivebrems. FOTO: Janne Nerheim
  • Spyl sykkelen rein.

Bremser:

Felgbremser:

  • Sjekk at feltet der bremseklossen treff felgen er heilt glatt.
Her ser du feltet som skal vera glatt. FOTO: Janne Nerheim
  • Viss slitasjen er veldig stor, vil dette feltet bule innover mot felgkanten.
  • Bremseklossar har spor som viser grensa for kor slitte dei kan bli. Er grensa nådd, må du få skifta klossane på ein verkstad.
Bremseklossar har spor slik som her. FOTO: Janne Nerheim

Skivebremser:

  • Ta kontakt med verkstad eller be ein vaksen hjelpe deg viss den grå flata er slitt vekk. Du kan ta bilete av bremseklossen og ta det med til ein verkstad for å finne ein som er lik.
Her ser du den grå flata. FOTO: Janne Nerheim
  • Enkelte syklar har «hydrauliske bremser». Viss du har det må du ikkje trykke på bremsehendelen dersom hjulet er av.

Trommelbremser:

  • Enkelte eldre syklar har trommelbremser. Det har du dersom du må tråkke bak for å bremse med bakhjulet. Denne typen bremser vert svært sjeldan slitt.

 

Vaierar:

  • Det er lurt å løysa vaierar, slik at du også kan smøre delane som går inne i strømpene.
Strømpene er det gummirøyret som vaieren går inni. FOTO: Janne Nerheim
  • For å løysa, girer du ned til det lågaste giret utan å trø. Da er vaierane slappe, og du kan fjerne dei frå festa.
  • Ta olje på ein klut og smør dei godt.
  • Løys vaieren frå bremsen, trekk strømpene ut av festa sine, smør vaieren godt, og trekk strømpene over der du har smurt.
  • Monter strømpene og vaieren att.

 

Gir og drivverk:

  • Smør gir og drivverk med olje.
Drivverk. FOTO: Janne Nerheim
  • Ledd og delar du kan bevege i girarmen må du også smøre av og til.
  • Test om sykkelen girer som den skal.
  • Sjekk at ikkje taggane på tannhjula er for spisse/slitte. Då må dei skiftast ut.
Tannhjula. FOTO: Janne Nerheim
  • Viss kjedet glepp når du syklar er det justering som må til, eller så er det slitasje. Då må du kontakte verkstad.

 

Dekk:

  • Sjå etter sprekker i dekket. Viss du finn sprekker, må du skifte dekk.
  • Sjå om det framleis er mønster i dekket. Viss det er vekke, må også dekket byttast med eit nytt. Om du ikkje byttar dekket når mønsteret er så slitt, kan det revne og eksplodere.
Mønster i dekka. FOTO: Janne Nerheim
  • Pump luft i dekket. Kva trykk dine dekk skal ha, står på kanten av dekket.
Luftventil. FOTO: Janne Nerheim

Hjul:

  • Løft opp sykkelen og rull på hjulet. Hjulet skal rulle jamnt rundt, ikkje danse frå side til side. Viss hjulet beveger seg frå side til side, er det viktig å ta sykkelen med til ein verkstad for å rette det opp.
  • Hald hjulet oppe og trekk det frå side til side. Kjenner du at det er laust, må du sjekke det på verkstaden. Då kan det hende du treng nye hjullager. Av og til må hjulet byttast ut.

 

Viss du må bytte delar så må ein ha rett verktøy og kunnskap. Då kan det vera lurt å gå til ein verkstad.