(ca. 12 vaffelplater)
Du treng:
100 g smør
5 egg
5 dl kveitemjøl
5 dl mjølk
2 dl sukker
1 beger lettrømme
1 ts bakepulver
½ ts salt
½ ts malt kardemomme
Slik gjer du:
- Mål opp smør. Set ein liten kjele på plata og skru på full varme. Ha i smør og la det smelte. Hugs å slå av plata!
- Knekk eitt egg i ein kopp og ha det i røra. Er du uheldig og får eggeskal i koppen, ta det ut før du har egget i røra. Gjer dette med alle egga.
- Mål opp mjøl, mjølk, sukker og ha det i bollen. Ha lettrømme i bollen. Mål opp bakepulver, salt og kardemomme og ha det i bollen.
- Sett stikkkontakten til handmiksaren i støpselet. Bruk handmikseren og lag ei glatt og fin røre.
- Ha i smelta smør og rør med handmikseren til alt er godt blanda.
- Sett stikkontakten til vaffeljernet i støpselet.
- Smelt 2 ss smør i den vesle kjelen og sett den på eit gryteunderlag. Bruk ein pensel og pensle litt smelta smør i det varme vaffeljernet.
- Bruk ei ause og hell litt av røra i jernet. Legg lokket forsiktig ned. La vaffelen steike til den har gyllen farge og ikkje sit fast i vaffeljernet. Bruk ein gaffel og ta vaffelen ut av jernet når den er ferdig steikt. Legg den på ei rist, og steik resten av vaflane på same vis. Legg gjerne eit kjøkkenhandkle over for å halde dei litt varme.
- Ta ut stikkontakten til vaffeljernet når du er ferdig.
Kilde: matstart.no