– Fleire titusen barn skulestreikar for klimaet i gatene i Brussel. Fleire hundretusen gjer det same verda rundt. Vi streikar fordi vi har gjort leksene våre, sa Greta til NRK.
Greta heldt tale for EU-leiarane
Ho heldt tale for ein sal full av leiarar i EU. Mellom anna var EU-kommisjonens sjef Jean-Claude Juncker der.
- LES MEIR: Kva er EU?
– Folk fortel oss alltid at dei vonar vi unge skal redde verda. Men vi har beint fram ikkje tid til å vente på at vi skal bli vaksne og ta over, sa ho.
Etter Greta heldt tale møtte ho mange tusen barn og unge som marsjerte saman med henne i gatene.
Målet er at EU skal skjerpe seg, og gjere meir for å redde klimaet.
- LES MEIR: Kva vil du gjere for klimaet i 2019?
Ei oppmoding til dei vaksne
Det er ein del vaksne som er ueinige i skulestreiken Greta har sett i gang. Til dei hadde ho berre ein ting å seie:
– Viss dykk meiner vi bør gå på skulen i staden, så synast eg at dykk heller skal leggje ned arbeidet og ta vår plass i gatene. Eller endå betre: Bli med oss! Så kan vi kanskje få dette til å gå endå raskare. Berre ikkje be elevane om å ikkje gjere noko som helst.
– Vi har byrja å rydde opp i rotet dykkar. Og vi gir oss ikkje før vi er ferdige!
Også her i Noreg er det elevar som er inspirert av Greta.