Gunnar (10) og Lea (12) vil ha skulestreik for klimaet

Gunnar (10) og Lea (12) er bekymra for korleis det skal gå med planeten. Difor har dei bestemt at dei skal droppe skulen den fyrste fredagen i mars.

– Vi er den neste generasjonen og vi må gjere noko for å redde miljøet, seier Lea Regina Miradatter Transeth til NRK.

Saman med veslebroren Gunnar ønskjer ho å få med seg klassen frå Steinerskulen i Kristiansand for å streike 1. mars.

Søskenparet håpar at elevar frå andre skular også vil streike denne dagen.

– Vi må passe betre på jorda vår. Viss ikkje kan den bli heilt øydelagt, seier Gunnar.

Målet deira er at politikarane skal bestemme seg for å kutte 90 prosent av CO2-utsleppa innan år 2050.

Svensk inspirasjon

Svenske Greta Thunberg (16) er inspirasjonen til Lea og Gunnar. Ho var den aller fyrste jenta som nytta skulestreik i kampen for å redde klimaet.

Dei siste vekene har elevar og studentar i både Sverige, Tyskland, Sveits og streika for at politikarane skal ta klimasaka på alvor.

NRK har snakka med oppvekstdirektør Svein Ove Ueland i Kristiansand kommune. Han meiner at barn og unge ikkje skal streike.

– Barn og unge skal vera på skulen i skuletida. Vi kan ikkje akseptere at elevar blir borte frå undervisninga, same kva føremål dei vil streike for, seier han.

Undervisning om klima

Lea og Gunnar har planlagt at elevar som streikar skal få undervisning om klima og miljø på Grønt Senter i sentrum av Kristiansand.

– Det er ikkje slik at elevane får fri sjølv om dei streikar, seier mor til Lea og Gunnar. Mira Thorsen er både mor og politikar i Miljøpartiet De Grønne. Ho hjelper barna med å arrangere streiken.

Planen er å arrangere skulestreik for klimaet ein fredag i månaden fram til september. Då skal det vera ein stor demponstrasjon i Oslo som har fått namnet «Klimabrølet».