10 tips: Slik kan du kutte ditt plastforbruk

Framtiden i våre hender har ti råd til deg som vil hjelpe å redde verda frå plasten.

Vel kvalitet: Produkt med lang levetid er best for miljøet.

Kjøp og sel brukt: Ting som allereie er laga bør du bruke lengst mogleg. Det gjeld også ting av plast.

Reparér: Alle produkt, frå klede til syklar til elektronikk, kan innehalde plast. Viss du sjølv reparerer, eller ber om hjelp til å fikse noko, i staden for å kjøpe nytt, bruker du mindre plast.

Unngå eingongsting: Ikkje bruk plastkrus, plasttallerkar og andre eingongsprodukt. Når familien skal handle er det lurt å ta med handlenett på butikken.

Vel plastfritt på kjøkenet: Skjærefjøler, bestikk og kjøkenreiskap i tre er betre utan plast.

Bruk mindre bil: Slitasje frå bildekk er den største kjelda til utslepp av mikroplast i havet.

Mal med miljøvett: Ikkje spyl ned malingrestar i avløpet. Levér malingrestar, malingsspann og brukt utstyr til gjenvinningsstasjonar i kommunen din.

Handle klede som ikkje er syntetiske: Det kjem mikroplast frå kleda når vi bruker dei. Kjøp heller klede av naturmaterial som lin, norsk ull og økologisk bomull. Bruk dei syntetiske kleda du har til dei er utslitne, men be foreldra dine om å kjøpe ein vaskepose som fangar opp mikroplast før det hamnar i avløpet.

Plukk litt plast kvar dag: VIss kvar femte nordmann plukker fem søppelting frå bakken kvar dag, fjernar vi 35 tonn søppel frå naturen kvar einaste dag. Det meste av dette er plast.

Kast plast på rett stad: Ta med deg søppel heim når du er ute på tur. Bruk søppeldunk, med mindre den er full. Då tek du søpla med deg til neste dunk.

(Kjelde: Framtiden i våre hender)