Saka stod på trykk på ung.no
Samstundes som den norske identiteten blomstra opp, slo sosialdarwinismen rot. Med bakgrunn i dette meinte mange at det samiske folket var lavarestående og berre kunne overleve viss dei vart norske.
Ein kommisjon sa i 1924 at ”Samisk åndsliv og kultur er noko som ikkje finst. Heile folket sitt egenart og begavelse peikar ikkje i den retninga”. Dette synet på samar og samisk kultur som mindre verd danna bakgrunnen for heile fornorskningspolitikken.
- LES OGSÅ: Samefolkest dag
- PRØV KVISSEN: Test din kunnskap om samisk kultur
Ordforklaring
Sosialdarwinismen
Det er ein teori som var sterk på slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900- talet.
Dei meinte at samfunnet er til for dei sterkaste og dei mest tilpasningsdyktige individa. Medan svakare og mindre tilpasningsdyktige individ skulle fjernast eller stoppast.
Samane fekk derfor ikkje lære seg sitt eige språk, og fekk ikkje lov å snakke samisk. Dei skulle halde kulturen sin skjult. Dei lærte at det var skam å vere samisk. Noko som heldigvis er har endra seg.
No er vi heldigvis kome så langt at ein skal vere stolt over kven ein er. Samefolket har fått sitt eige sameting, som har styrka reittane til samefolket.