1. Fotball er den største sporten i verda. Meir enn 240 millionar menneske speler fotball og dei gjer det i så og seie alle land. Ikkje alle har ein ekte fotball, eller eit ekte fotballmål, men gamle, unge, jenter og gutar speler fotball så det står etter. Det internasjonale fotballforbundet, FIFA, har heile 211 medlemsland. Det er 13 meir enn i FN!

2. Fotball-VM 2026 for herrer foregår i tre land: USA, Canada og Mexico. I opningskampen 11. juni speler Mexico mot Sør-Afrika i Mexico City. Fotballstadiumet Estadio Azteca er omdøypt til Estadio Ciudad de México for høvet. Hurra, det blir bra!

3. Det er lov for barn å vera med på stadion og sjå kampane i fotball-VM. Det er 16-års aldersgrense om ein skal dit åleine. Men dei fleste vil nok sjå kampane på fjernsyn heime sidan billettprisane til kampane i årets VM er rekordhøge. Dei dyraste billettane til finalen har blitt solgt for fleire millionar kroner!
4. Første gong VM i fotball for herrer blei arrangert, var i 1930 i Uruguay. Då var finalistane så ueinige om kva for ball som skulle brukast at det blei brukt to forskjellige: Argentina fekk velja ball i første halvdel, og Uruguay valde ball i andre. Kampen enda 4-2 med Argentina som første verdsmeister i fotball i historia.

5. Kvinner har spela fotball så lenge spelet har eksistert. I 1894 grunnla engelske Nettie Honeyball den første fotballklubben for kvinner. Ho ville visa at kvinner var noko meir enn berre pynt, slik dei fleste menn såg på dei på den tida. «Eg ser fram til tida då kvinnene får sitja i regjering og vera med å bestemma, spesielt i høve det som gjeld dei sjølv», sa Nettie den gongen.

6. Det går fire år mellom kvart verdsmeisterskap i fotball. VM i 2026 for herrer blir 23. meisterskap i rekkja. VM i 2027 blir den tiande verdsmeisterskapen i rekkja for kvinner. Første gong fotball-VM for kvinner blei arrangert, var i 1991 i Kina, altså 61 år etter første VM for herrer.

7. Noreg speler sin første kamp mot Irak natt til 17. juni. Dei andre landa i Noreg si gruppe er Senegal og Frankrike. Frankrike har vunne VM i fotball for herrer to gongar før, i 1998 og i 2018. Senegal har aldri vunne fotball-VM, men dei vann Afrikameisterskapen i 2021.

8. Den norske dommaren Espen Eskås og dei to norske assistentdommarane Isaak Bashevkin og Jan Erik Engan er valt ut til å vera med og dømma i fotball-VM 2026. Totalt er det 52 kampleiarar og 88 assistentar som skal bidra til lov og orden under kampane.

9. Spelarar under VM i 2026 som dekkjer til munnen for å skjula diskriminerande ytringar kan få raudt kort. Det har FIFA bestemt i sine innstrammingar av reglane. Det å forlata banen i protest kan føra til utvisning. Det er viktig at både dei som speler på banen og dei som sit i publikum oppfører seg og er snille med kvarandre slik at det blir kjekt for alle.

10. Noreg vann fotball-VM for kvinner i 1995! Det er einaste gongen (til no) at Noreg har vunne VM i fotball. I finalen vann det norske laget 2-0 over Tyskland. Først i 2000 oppdaga Noregs Fotballforbund at trofeet til vinnarlaget var forsvunne! Det sto lenge ute i resepsjonen til NFF utan å vera låst inne.
11. Brasil har vunne flest VM på herresida (5) og USA har vunne flest på kvinnesida (4). Dei brasilianske herrene har i tillegg spela i alle sluttspel, noko som er ganske imponerande. Fotballaget til Brasil som vann VM i 1970 i Frankrike er rekna for eit av dei beste gjennom tidene. Laget scora 19 mål i meisterskapen, der Pelé scora fire og hadde seks mågjevande pasningar. Også deira vinnartrofé blei stole. Kanskje fordi det var laga av tre kilo gull!

12. Spelaren som har delteke i flest VM er brasilianske Formiga, som eigentleg heiter Miraildes Maciel Mota. Ho har vore på banen i heile sju VM-meisterskap og debuterte som 17-åring. Kallenamnet «Formiga» tyder maur på portugisisk.

13. På herresida er det seks spelarar som deler rekorden for å ha delteke i flest fotball-VM. Tyske Lothar Matthäus, meksikanarane Antonio Carbajal, Andrés Guardado, og Rafael Márque, Lionel Messi frå Argentina og Christiano Ronaldo frå Portugal har alle vore med i fem meisterskap. Messi og Ronaldo blir å sjå i VM 2026 og vil med det ha vore med i seks VM-meisterskap kvar. Det blir kjekt å sjå dei i aksjon!























