Politikarar i England jobbar no for at det skal bli lettare og tryggare å reise frå ein plass til ein annan, til fots eller på sykkel. Dette gjer dei ved å mellom anna byggje 5000 nye sykkel- og gangvegar, og 10 000 nye fotgjengarovergangar innan 2030, skriv The Guardian.
Samstundes har politikarane sett eit mål om at 60 prosent av alle skulebarn skal kome seg til skulen gjennom å vere i aktivitet, innan 2035.
Grunnen til dette målet, er at dei ynskjer å få meir fysisk aktivitet inn i kvardagen til elevane. Dette vil igjen føre til betre helse.





















