– Frå 1. januar 2019 blei det innført nye reglar om at fotballbanar må ha rett utstyr for å samle opp gummigranulat, skriv Lisbet Sørensen, forsker i avdelingen Miljø og nye ressurser på SINTEF Ocean, i ein kronikk i Dagbladet.
Gummigranulat er dei små, svarte gummikulene som ein finn i kunstgrasbanar.
Vi har tidlegare snakka med Tale (11), Sofia (10), Johannes (11) og Pelle (11) om kva dei meinar om gummi på kunstgras.
Alvorleg skade
SINTEF-forskaren etterlyser svar på korleis granulatet skal bli samla opp. Ho er også bekymra for kva som skjer når gummikulene kjem på avvege.
– Nye studier viser potensielt alvorleg skade på smådyr som lev i sjøvatn, ferskvatn og jord, når gummigranulat-kulene kjem bort frå banen og skil ut farlege kjemikaliar, skriv ho.
- LES MEIR: Elevar har laga løysing for å hindre spreiing av mikroplast
- LES MEIR: Spelarar dreg med seg 65 tonn gummi frå fotballbanen kvart år
Lisbet etterlyser no svar på dette frå politikarane, og ber dei store fotballklubbane vurdere om dei kan bytte ut gummikulene med andre, miljøvenlege alternativ. Til dømes sand.