Spelarar dreg med seg 65 tonn gummi frå fotballbanen kvart år

Forskarane måtte ha hjelp frå 12 624 elevar og 403 lærarar for å finne ut kva som skjer med all gummien som forsvinn frå kunstgrasbanane i landet.

Meir enn 80 prosent av all gummigranulat brukt på kunstgras er laga av brukte bildekk, seier seniorforskar Dorte Herzke frå NILUs avdeling for miljøkjemi.

Ho fortel at 1-2 tonn granulat forsvinn frå ein enkelt kunstgrasbane kvart år. Gummigranulat er små gummikuler som skal gje betre kontroll på ballen, og betre demping.

Gummi tilsvarande halv million bildekk forsvinn kvart år

1-2 tonn per bane i året er det same som cirka 200 til 400 brukte bildekk per bane, seier Dorte.

Når vi har om lag 1750 kunstgrasbanar i Noreg, blir det svært mykje gummi som forsvinn ut i naturen. Dorte seier vi veit lite om korleis dette påverkar miljøet.

Vi veit at ulike dyr kan spise det, og vi ser at det lekk også ut ein del giftige stoff som også kan vera skadelege, fortel ho.

Hjelp frå barn og unge

Dorte, og dei ho jobbar saman med, inviterte skular over heile Noreg til å vera med. Etter kvar kamp sjekka elevar og lærarar kor mykje gummi som hadde festa seg på klede og sko. Dei rapporterte også korleis vêret hadde vore, kor mange som spela kamp, kvar dei spela, og kor stor banen var.

Verst i regn

12624 elevar og 403 lærarar frå 286 skular i 144 kommuner spela 594 fotballkampar som i snitt varte i 29 minutt. 344 kunstgrasbanar vart sjekka.

Om det regnar eller ikkje har mykje å seie for kor mykje gummigranulat som festar seg til klede og sko. Er det vått, festar meir seg.

Mykje av gummien forsvinn også via avløpa rundt fotballbana, eller ved snømåking, vind og vêr – men uansett så hamnar gummien svært ofte i havet til slutt.

Og der høyrer den jo ikkje heime.