Kva tenkjer fotballspelarane om gummi på kunstgras?

Vi har snakka med Tale (11), Sofia (10), Johannes (11) og Pelle (11) om kva dei meinar om gummi på kunstgras..

Tale A. Skjensvoll (11)

Kva tenker du om at vi dreg med oss fleire tonn gummikuler heim frå kunstgrasbanar i heile landet kvar år?

– Vi bør i grunn ha meir ekte gras. Eg likar best å spele på kunstgras, men det blir mindre gummikuler i naturen om vi har ekte gras.

Kva tenkjer du om at desse små kulene hamnar i naturen/skadar dyr?

– Fotballspelerar bør vera meir nøye med å ta av seg sko på banen, slik at dei ikkje dreg kulene med seg. Eg ser ofte at folk rullar seg rundt og leiker på kunstgraset – det kan dei slutte med. Leik andre plassar i staden!

Sofia Jensen (10)

Kva tenker du om at vi dreg med oss fleire tonn gummikuler heim frå kunstgrasbanar i heile landet kvar år?

– Dei bør prøve ut å bruke kuler laga av eit anna materiale – eit slag som ikkje skadar dyr og natur. Vi kunne gjerne brukt vanleg gras i staden. Problemet er jo då at ein må klyppe graset ofte, slik at det er kort nok. Om ein absolutt må bruke kuler på kunstgras; kva med å bruke kuler laga av noko naturleg som naturen bryt ned og som dyra tåler å ete?

Kva tenkjer du om at desse små kulene hamnar i naturen/skadar dyr? 

– Folk må sjå over sko og klede, og banke skorne slik vi gjer når det er snø ute.

Johannes Skjølingstad Løhaugen (11)

Kva tenker du om at vi dreg med oss fleire tonn gummikuler heim frå kunstgrasbanar i heile landet kvar år?

– Det er ille. Eg er usikker på kva som er løysinga. I nabobygda vår fyller dei på mykje meir kuler enn her vi bur. Dei bruker andre kuler. Våre kuler heng seg ikkje så lett på sko og klede.

Kva tenkjer du om at desse små kulene hamnar i naturen/skadar dyr?

– Viss dyra et gummikuler og vi et dyra, går det jo berre ut over oss sjølv. Det er jo snart meir plast enn fisk i havet.

Pelle Hjemdal (11)

Kva tenker du om at vi dreg med oss fleire tonn gummikuler heim frå kunstgrasbanar i heile landet kvar år?

– Det hadde kanskje vore smart å lage ei grøft rundt banen, slik at vi kunne bruke dei kulene som forsvinn med regn, vind og snø på ny. Ein kunne laga sement rundt, slik at kulene ikkje flyt utover. Slik det er no må folk gidde å riste kulene av seg før dei går frå banen.

Kva tenkjer du om at desse små kulene hamnar i naturen/skadar dyr?

– Det er teit at folk ikkje bryr seg om å ta vare på kulene. Det er det som gjer at dei ansvarlege for banane må fylle på heile tida.