Vi må 2500 år tilbake i tid for å finne svar, ifølgje Ung.forskning.no:
- Dei eldste helleristingane i Noreg er 11 000 år gamle.
- Helleristingar er bilete av menneske, dyr, ting eller symbol som er hogd eller rissa inn i stein.
- Forskarane er litt er ueinige om kvifor folk laga helleristingar. Nokon trur dei er eit slags beskjed-skilt.
-
Nokon trur menneska som levde i bronsealderen ville vise seg fra, for andre og markere revir. Det betyr at dei ville vise kva som tilhøyrde dei.
- Det trur forskarane fordi det er mange tusen helleristingar i viktige beiteområde for dyr. Og beitedyr var svært viktige for bronsealder-folk.
LES MEIR: Helleristingar er nesten som skulebøker og instagram
- Store dyr var viktige for folk i steinalderen. Difor er det mykje elg, hjort og rein i helleristingane. Ein del av bileta viser korleis dei jakta på dyra.
- Viss du skulle skaffe mat for 7000 år sidan, måtte du jakte eller fiske. Forskarane trur det er difor dei teikna det – fordi det var så viktig å kunne.
- Helleristingar var litt som skulebøker. Bileta kunne lære barn og unge korleis dei skulle jakte.
- Nokon lagde helleristingar for å sende meldingar til åndar dei trudde var i naturen.
- Ein del helleristingar kan sjå ut som skrytebilete. Då har dei laga bilete av store dyr.
- Forskarane ser sjeldan helleristingar av små dyr. Det er ofte elg, rein, bjørn og hjort, og stor fisk som kveite og laks.