Helleristingar er nesten som skulebøker og instagram

I Noreg finst det fleire helleristingar som er laga av menneske som levde for fleire tusen år sidan.

Helleristingar er bilete eller teikn som er rista inn i stein.

Forskarar trur det er ulike grunnar til desse helleristingane. Dei kan ha vore eit slags skilt med beskjedar. Kanskje det var for å vise grensa til eigendomar?  Eller for å lære bort noko?

Meir enn 11 000 år gamle

I Noreg finn ein helleristingar som er 11 000 år gamle, seier Jan Magne Gjerde til Forskning.no. Gjerde fortel at mange av dei eldste helleristingane er av dyr.

Som skulebok og instagram

Under steinalderen, epoka mange av helleristingane er frå, var store dyr viktige for menneska. Derfor vart det laga mange helleristingar av elg, hjort og rein. Ein kan også sjå helleristingar av jakta på desse dyra. For å forstå dette fortel Gjerde at ein må prøve å forstå korleis det var å leve i steinalderen.

Om ein skulle skaffe seg mat for 7000 år sidan, måtte ein jakte eller fiske. Difor blei dette rista ned i stein slik at barn og ungdomar kunne lære av det. Akkkurat som ei skulebok.

Men ikkje alle helleristingane var av dyr og jakt. Nokre var laga til ånder som menneska trudde levde i naturen. Det fins også nokre helleristingar som ser ut som skrytebilete. Litt som Instagram kan oppfattast i vår tid.

Under OL på Lillehammer

Under OL på Lillehammer i 1994 brukte vi helleristingar som symbol under vinterleikane. Der hadde ein ulike ristingar som symboliserte dei ulike greinene.

Fakkelmannen

Fakkelmannen er ein stor figur som er forma i ein granskog på Øyer ved Lillehammer. Fakkelmannen er tatt utgangspunnkt i ei helleristing av ein mann. Dette kunstverket er framleis å sjå, og har vorte ein kjent turistattraksjon.

Kjelde: Marianne Nordahl, journalist i forskning.no