Kva er urskog?
- Ein urørt skog.
- Skog som ikkje er blitt utsett for menneskeleg utnytting, som jordbruk og skogbruk.
- Skogen er forma naturleg, og ikkje påverka av menneske.
- Mange urskogar er truga av øydelegging grunna trehogst.
- 1400 år er ikkje ein uvanleg alder for dei eldste trea i ein urskog.
(Kjelde: Wikipedia)
LES FAKTALUKK FAKTA
For 30 år sidan var rundt 4,5 prosent av Haiti dekka av gammal regnskog. No er det berre 0,32 prosent att, ifølgje ein ny studie publisert i tidsskriftet PNAS. Forskarane fortel at Haiti er eit av dei mest avskoga landa i verda, skriv Forskning.no.
Dyrelivet
Den gamle regnskogen betyr svært mykje for dyrelivet. Fleire dyreartar forsvinn saman med avskoginga. I undersøkinga kom forskarane fram til at heile 42 av 50 av dei største fjella har mista den gamle regnskogen.