Regnskog tilsvarande Sveits forsvann i fjor

Avskoginga av regnskogen auka i 2022, viser ein ny analyse.

I 2022 forsvann over 40 000 km² tropisk primærskog. Det syner nye tal frå Global Forest Watch.

Regnskogen som forsvann i fjor svarar til om lag heile arealet til Sveitsskriv den norske regjeringa på nettsidene sine.

– Kraftig varsel

Avskoginga gjekk hardast ut over regnskogen i Brasil og i Kongo. Brasil stod for over 40 prosent av skogtapet.

I Indonesia og Malaysia har ein greidd å bremse avskoginga.

– Framleis høgt tap av tropisk regnskog er eit kraftig varsel til heile verda. Heldigvis er det fleire signal som tyder på at trenden vil snu, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Optimisme i Brasil

2022 var det siste året med Jair Bolsonaro som president. Under Bolsonaro auka avskoginga. Brasils nye president Lula da Silva har lova å prioritere regnskogen. Førebelse tal tyder på at avskoginga har gått ned med 30 prosent i løpet av dei første fem månadane hans ved makta.

– Dette gir stor grunn til optimisme, og det er eit bevis på at politikk verkar, seier Espen Barth Eide.

Denne artikkelen blei først publisert på Framtida.no som er Framtida Junior si søsteravis.