Hovudskalle-komet passerer jorda etter Halloween

Den store steinen er ein død komet, melder NASA. Kometen liknar veldig på ein hovudskalle, og det passar jo godt til Halloween.

Kometen, som har fått namnet “2 015 TB145”, vil passere på same avstand som månen, så det er ingen fare for at den vil komme for nær jorda.

11. november er dagen dette skal skje, så det er like etter Halloween-feiringa.

Asteroiden blei oppdaga 10. oktober 2015 ved University of Hawaii Pan-Starrs-en (Panoramic Survey Telescope og Rapid Response System) på Haleakala, Maui.