Nokre vaksne er redd halloween – slik kan du roe dei ned

Mange foreldre er imot halloween. Kanskje det er på tide dei innser at halloween er ein del av barna sin tradisjon og oppvekst?

Halloweenfeiringa kom ikkje til Noreg før rundt år 2000, og difor er det mange vaksne som ikkje heilt forstår denne rare markeringa som har vorte meir og meir vanleg.

Mykje av grunnen til at vaksne er skeptiske til halloween er nok fordi dei sjølve ikkje har gått rundt med «knask eller knep» som barn.

I tillegg er mange vaksne kritiske til at barn kler seg ut som døde figurar, som kan verke skummelt.

Graskar er typisk å pynte med på halloween. På amerikansk heiter det Jack o'lantern. (Foto: Paul Albertella/ Flickr)
Graskar er typisk å pynte med på halloween. På amerikansk heiter det Jack o’lantern. (Foto: Paul Albertella/ Flickr)

Kvifor kler folk seg ut som døde?

Mange kler seg ut som heks, zombiar, demonar eller vampyrar. Foto: Raúl Hernández González/ Flickr
Mange kler seg ut som heks, zombiar, demonar eller vampyrar. Foto: Raúl Hernández González/ Flickr

Halloweenfeiringa har kome frå den amerikanske popkulturen. Ifølgje tradisjonen var det ingen skilje mellom vår mennekeskeverd og den spøkelseaktige verda på denne dagen. Difor har det vorte vanleg å pynte med ting som symboliserer døden, svart magi og mystiske monster. Det er difor mange kler seg ut som spøkelser, beionrangel, heksar, zombiar, demonar, djevlar, svarte kattar, edderkoppar og vampyrar.

Det er óg vanleg med graskar, gjerne med utskorne ansikt. Dette kjem av at det var vanleg å bruke symbol frå hausten, og svart og oransje har difor blitt typiske halloweenfargar.

«Knask eller knep»

Jim Voorhies
Å gå “Knask eller knep” er vanleg på Halloween, men det er alltid lurt å planlegge dette med ein vaksen. Foto: Jim Voorhies / Flickr

Barn går rundt på halloween og tiggar etter godteri. Frasa «knask eller knep» betyr enkelt og greit at barna spør om å få godteri, og om dei ikkje får det, gjer dei eit knep. Det er viktig å tenke at å gjere knep aldri bør vere noko som skadar eller øydelegg noko.

Det er alltid lurt å gå saman med ein vaksen, og ein skal også hugse på at mange eldre personar ikkje er van med denne tradisjonen, og at dei kan bli redde. Difor bør ein kanskje gå til hus der ein kjenner personane, og som har barn.

Korleis oppstod halloween?

Frå gamalt av var dette ein kristen skikk som har vorte ikkje-religiøs. Det var ein minnefest for dei døde. På norsk heiter det eigentleg Allehelgensaftan, men den amerikanske feiringa har tatt over store delar av verda.

Tenne lys for å minnast dei døde

Allehelgensdag i Den Norske Kyrkja er lagt til den fyrste søndagen i november, medan i katolske land blir den feira 31. oktober. Difor er det ikkje alltid at allehelgensaftan og halloween fell på same dag.

I norsk tradisjon brukar ein å tenne lys på grava til dei som har gått bort. Dette er framleis ein skikk, men for barna har utkledning og «knask eller knep» vorte meir vanleg.