Slik lagar du slim til halloween

Her er den perfekte slimoppskrifta.

Til halloween er det mange som lagar slim – eit spøkelseslim eller ektoplasma, som han også kallar det. Det er ei slimaktig masse som du kanskje har sett i filmar som Ghostbusters.

For å lage ektoplasma treng du:

  • Ei skål eller eit underlag som toler lim.
  • Hobbylim (PVA-lim)
  • Barberskum
  • Farge (konditorfarge eller måling. Levi brukar konditorfarge)
  • Linsevatn
  • Natron

Slik gjer du det:

  • Bland like stor del av lim og barberskum.
  • Ha i litt mindre enn ei t-skei natron.
  • Putt på litt og litt linsevatn, slik at det bind seg.
  • Når massa startar å binde seg må du kna med hendene.
  • Er det for slimete har du i meir linsevatn.
  • Kna inn farge.

VIKTIG: Mange limtypar inneheld ting som kan vere skadeleg. Spør alltid ein vaksen om råd. Det er svært viktig at du ikkje et slimet, og ikkje får det i auga. Du må heller aldri bruke superlim.

Og så litt naturfag. Kvifor blir dette slim?

  • Limet inneheld polymer som heiter PVA, poly vinyl acetat. Polymer er superlange molekyl som heng saman i lange trådar.
  • Natron hjelp til med å klargjere trådane i polymeret til å knyte seg saman. Tek ein for mykje natron vil det bli hardt.
  • Linseveska inneheld bor-syre. Denne syra hjelp til å knyte trådane i polymeret saman.