Ingen russiske eller kviterussiske lag får delta på Norway Cup

No reagerer fleire organisasjonar. Avgjersla kan mellom anna vera i strid med barnekonvensjonen, meiner Noregs institusjon for menneskerettar.

Kvar juli samlast fotballag frå heile verda til fotballcup i Oslo, når Norway Cup blir arrangert. Men slik blir det ikkje i år – for no har leiinga i Norway Cup bestemt at barn frå Russland og Kviterussland ikkje får delta. 

Mange er svært kritisk til avgjersla, då det ikkje er barna sin feil at Russland har gått til åttak mot Ukraina. Ein av organisasjonane som reagerer, er SOS-barnebyer.

– Dette er fullstendig uakseptabelt. Barn og unge er alltid uskuldige i ein krig. Desse barna skal ikkje veksa opp med å hata naboane sine, dei skal leva saman også etter denne konflikten. Viss me straffar barn, forsterkar me dette problemet, seier dei til NTB.

– Barn har eigne rettar

Adele Matheson Mestad. Foto: Noregs institusjon for menneskerettar

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), reagerer også på avgjerdsla. I ei pressemelding skriv dei at å stenga ute barn frå enkelte nasjonar, kan vera i strid med FNs barnekonvensjon.

Det er ei internasjonal avtale som gir alle barn og unge under 18 år eit spesielt menneskerettsvern. I avtalen står det at alle barn skal ha dei same rettane – uansett kven dei er og kvar dei bur.

– Barn har eigne rettar. Alle som gjer handlingar som rører barn, også private aktørar som idrettsforbund, må vurdera barnets beste som eit grunnleggande omsyn. Vi kan ikkje sjå at det er gjort her, seier Adele Matheson Mestad.

Ho er direktør i Norges institusjon for menneskerettar (NIM).

Forstår at organisasjonane reagerer

Pål Trælvik i Norway Cup Noreg, har fortalt til NTB at han forstår at avgjersla har fått reaksjonar. Likevel meiner han at det hadde vore feil om dei ikkje stenge ute russiske og kviterussiske lag, sidan Noregs idrettsforbund og Noregs fotballforbund gjer det. Norway Cup Noreg er nemleg under den same paraplyen som dei.

– Me skulle gjerne hatt dei med, men det ville vore rart om me gjorde det motsatte som dei, sier Trælvik.

Det meiner ikkje Adele Matheson Mestad er godt nok. Ho ber dei derfor om å tenkja seg om ein gong til.

– Me oppfordrar leiinga i Norway Cup til å ta med i vurderinga at barn har rett til leik, fritid og kulturelle aktivitetar etter barnekonvensjonen, og kva det har å seia for barn at dei blir utestengd frå eit idrettsarrangement på grunn av ein krig dei vaksne har starta, seier ho.

Barn skal ikkje ha noko med krig å gjera. Ei heller skal dei ta konsekvensane av den, meiner NIM.