Storm satsar på ballett

Nye tal viser at ballett blir meir og meir populært. Storm (13) har halde på med ballett sidan han var tre år, og planlegg å gjere det resten av livet. Han skjønar godt at fleire vil kjenne på den same dansegleda som han gjer.

– Når eg dansar til musikk blir kroppen min fylt med ein følelse. Det er vanskeleg å beskrive han, men det er ein god følelse og eg blir glad, fortel Storm.

Framtida junior møter ballettdansaren på Den Norske Opera og Ballett i Oslo. Han er nett ferdig med skuledagen. Snart skal han ha gjennomgang av ei framsyning han har ei av hovudrollene i.

Storm dansar ballett på Den Norske Opera og Ballett. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Storm går i 8. klasse, men han er ingen vanleg ungdomsskuleelev. Han går nemleg på Ruseløkka skole i Oslo. På denne skulen har Nasjonalballettskolen ei talentsatsing for barn og unge som dansar ballett og vil bli profesjonelle ballettdansarar. Denne satsinga er Storm ein del av.

– Det vil seie at eg på tysdagar og torsdagar dansar ballett i 90 minutt på morgonen, i staden for å ha vanleg skule, forklarer Storm, og held fram:

– Eg har ikkje så lyst til å danse når det er morgonklasse, sidan eg er så trøytt. Eg likar betre å danse på dagen, når eg kan nyte å danse.

Og Storm får i aller høgste grad dansa elles i døgnet også.

Ein barndom fylt med dans

– Eg dansar alle dagar i veka utanom søndagar. Det er godt å ha fri ein dag i veka, men det er også viktig så eg ikkje får skade fordi kroppen blir for sliten.

Storm har dansa mykje heile livet. Allereie som treåring starta han på ballett.

– Då var det mest tullete og artig dans, men det var ballett, seier Storm.

Storm varmar opp før han skal danse. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Då han var seks begynte han å danse på Den Norske Opera og Ballett. Men her var det ikkje berre å melde seg opp til ein dansetime. Storm måtte prøvedanse.

– Mamma hadde fortalt meg at det var Noregs beste ballettskule, så eg syntest det å skulle prøvedanse var litt skummelt. Men det høyrdest også gøy ut.

Å prøvedanse vil seie å danse framfor nokon som skal vurdere om du er god nok. Storm var god nok, og kom inn på Nasjonalballettskolen til Operaen.

– Den første læraren vi hadde, var veldig snill og det var ikkje skummelt i det heile. Eg lærte veldig mykje artige dansar.

Ei ny type danseglede

Etter kvart som åra gjekk endra ting seg. Storm kan fortelje at balletten blei vanskelegare og vanskelegare, og lærarane blei strengare og strengare. For eit par år sidan var han usikker på om han i det heile ville fortsetje med ballett.

– Eg snakka med mamma om dette. Vi kom fram til at eg skulle prøve å fortsetje litt til. Det er eg veldig glad for no, seier Storm.

Etter å ha blitt med i talentsatsinga til Ruseløkka skole, kjente Storm på ei ny type danseglede, då han har lært veldig mykje og meistra meir enn han gjorde før.

– Før dansa eg mest for å ha det gøy. Eg har det framleis gøy når eg dansar, men no har eg også fokus på å ta dansinga seriøst og alltid bli betre.

Storm på scena under gjennomgang av framsyninga Fra vårmorgen til midtsommernatt. Foto: Jörg Wiesner / Den Norske Opera og Ballett

Mykje å tenkje på

Storm trur det er motivasjonen til å utvikle seg som gjer at han ikkje blir lei av å danse så mykje ballett som han gjer. Og grunnen til at han vil bli så god, er draumen om å kunne jobbe som ballettdansar i framtida.

– Det er ikkje lenge til eg må søke på skular der eg kan ta ballettutdanning. Då må eg vere god nok til å kome inn.

Storm forklarer at grunnen til at ein må trene så mykje for å bli god i ballett, er at det er så mykje å hugse på når ein dansar. Til dømes må ein hugse på å ha rett haldning, plassere føtene rett, aktivere kjernemuskulatur og ha rett ansiktsuttrykk. Alt dette og meir, samstundes som at ein skal gjere bevegelsane dansen består av.

– Det er viktig å bli varm i musklane, så ein ikkje skadar seg når ein dansar, fortel Storm. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Populær danseform

– Ballett skal faktisk sjå lett ut for publikum, sjølv om det er vanskeleg, påpeiker Storm.

Og det kan tyde på at ballettdansarar har fått ballett til å sjå lett og artig ut. No er det nemleg ei auke i menneske, både barn og unge, som har lyst til å prøve seg som ballettdansarar, skriv NRK.

Storm oppmodar barn og unge til å prøve og danse ballett, slik at dei kan få kjenne på kor gøy det er og kor fint det er å få vennar som likar å halde på med det same som ein sjølv.

– Eg vil spesielt oppmode gutar til å prøve. Mange tenkjer at ballett er jentete, men i verkelegheita får gutar og jenter like mykje glede av å danse.

Storm er takksam for alle vennane han får fordi han dansar ballett. Foto: Jörg Wiesner / Den Norske Opera og Ballett

Spenning før framsyning

Noko av det Storm likar aller best med ballett, er følelsen han har før framsyning i augneblikket rett før han skal ut på scena.

– Eg blir veldig nervøs rett før eg skal gå på scena. Det er framleis like skummelt som første gongen, men no er eg vand med følelsen. No er eg ikkje berre redd, men også spent og eg gler meg til å opptre. Det er akkurat som å vere på toppen av ei berg-og-dal-bane, rett før ein skal køyre ned den brattaste delen. Det kilar veldig i magen. 

Storm fortel vidare at når han kjem ut på scena og begynner å danse, er han ikkje lenger nervøs. Då slepp bekymringane taket og han kjenner seg berre glad.

No ser Storm fram mot å opptre i Nasjonalballettskolen si årlege framsyning Elevforestillingen 2026. I år er det stykket Fra vårmorgen til midtsommernatt som blir sett opp, og Storm har rolla som skogalven Puck. Iført eventyrleg sminke, grøn parykk og brunt antrekk skal han danse ballett og vise fram det han øver på kvar dag for å bli best mogleg i.

Storm som skogalv i elevframsyninga til Nasjonalballettskolen. Foto: Jörg Wiesner / Den Norske Opera og Ballett