Noreg skal testa elfly som kan ta av på 50 meter

Frå 2027 skal eit nytt elfly testast i Noreg. Flyet kan ta av frå svært korte rullebanar og flyga langt nok til å nå København frå Oslo.

Visste du at?

Elektriske fly er ikkje ei ny oppfinning. Den første bemanna flyginga med elektrisk motor skjedde allereie i 1973. I 2003 kom den første godkjende modellen som kunne kjøpast, på marknaden.

LES FAKTALUKK FAKTA

Flyreiser står for rundt 2,5 prosent av CO₂-utsleppa i verda. No håpar flyindustrien at elektriske fly kan gjera reisene meir miljøvennlege, skriv Verdens Beste Nyheter.

I april skreiv Avinor under ein avtale om å testa flyet EL9 Ultra Short i Noreg. Testinga skal etter planen starta i midten av 2027.

Flyet er laga for å kunna ta av frå rullebanar som berre er 50 meter lange. Det skal brukast på reiser som er kortare enn 800 kilometer. Det er langt nok til å flyga frå Oslo til både København, Amsterdam og Helsingfors – eller frå Trondheim til Tromsø.

Mindre støy

Elfly lagar mykje mindre støy enn fly som brukar fossilt drivstoff. Dei kan også bli billigare å halda ved like fordi dei treng færre tekniske system.

I 2025 fanst det meir enn 100 ulike typar elektriske fly i verda. Elektriske fly blei også testa mellom Stavanger og Bergen sommaren og hausten 2025.

Men det er framleis fleire utfordringar. Batteria veg mykje, og dei fleste elfly kan førebels frakta færre enn ti personar. Derfor kan det ta lang tid før store elektriske passasjerfly kan flyga lange internasjonale ruter.