Då kong Harald døydde førre veke, skjedde det automatisk eit tronskifte og vi i Noreg fekk ein ny konge: kong Haakon. Noko av det første som skal skje ved eit tronskifte, er at den nye kongen skal avlegge eid til Grunnlova på Stortinget.
Å avlegge eid til Grunnlova på Stortinget vil seie at han gir ein lovnad. Framfor alle stortingsrepresentantane skal han seie:
«Eg lovar og sver å ville regjere kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjon og lovar, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande.»
Med desse orda lovar kong Haakon å styre landet etter Grunnlova og gjere jobben som konge på ein måte som er til det beste for det norske folket.
Grunnlova sikrar at vi har demokrati i Noreg – at alle menneske (over 18 år) i heile landet er med og bestemmer. Med lovnaden kongen gir i dag seier han at Noreg skal halde fram med å vere demokratisk, også under den nye kongen sitt styre.
Fleire frå kongefamilien deltek.
Dronning Mette-Marit og kronprinsesse Ingrid Alexandra skal følgje kong Haakon når han avlegg eid.
Dronning Sonja og prins Sverre Magnus vil sjå på frå Stortingssalen, saman med stortingsrepresentantane.
Kronprinsessa skal avlegge eid skriftleg seinare i dag og sende lovnaden til Stortinget.



















