Derfor regnar det så mykje i Asia om sommaren

Det er ein type vind kalla monsun som i stor grad bestemmer korleis vêret er i Asia gjennom året. No i sommarmånadane opplever asiatiske menneske mykje regn og flaum grunna monsunen.

Monsun er ein type vind som skiftar retning med årstidene. Den sterke monsunvinden kjem som følgje av at det er forskjellige temperatur i lufta over land og i lufta over havet.

Om vinteren blåser monsunen frå nordaust og tek med seg tørr og kjølig luft som gir ein tørr og kjølig vinter. Om våren og tidleg om sommaren blir lufta over land varma opp fortare. Den varme lufta stig oppover og gjer at det blir lågt trykk på bakken. Så begynner fuktig luft frå havet å strøyme inn over landet.

Den fuktige lufta i monsunen gjer at det blir regntid i fleire månader. Det vil seie at det regnar mykje meir enn elles i ein periode.

Redningsarbeidarar gir mat til menneske som er påverka av flaum i Pakistan. Dette var i juni i år. Foto: K.M. Chaudary / AP Photo / NTB

Sterkast i Asia

Sjølv om ein kan merke monsunen i både Afrika, Australia og Sør-Amerika er han aller sterkast i Asia. I asiatiske land som India, Pakistan og Fillippinene gjer monsunen at det blir regntid som varar i tre til fem månader over sommaren. Sjølv om denne regntida er viktig for å kunne dyrke ris, byr monsunen også på store utfordringar på sommarhalvåret.

I byen Paranque i Fillippinene har det samla seg eit hav av søppel etter store mengder monsunregn i løpet av sommaren. Her blir det jobba med opprydding. Foto: Aaron Favila / AP Photo / NTB

Monsunregnet kan føre til flaumkatastrofar, jordskred og gjere det vanskeleg for menneske å leve liva sine som vanleg. Når monsunen snur på hausten igjen, kan det kome tropiske orkanar. Tropiske orkanar er kraftige stormar som kan føre til flaum og store skadar.

Redningsarbeidarar driv med søk etter at fleire hus blei teke i eit jordras i Fillippinene tidlegare i august. Jordraset skjedde som følgje av kraftig monsunregn. Foto: Harley Palangchao / AP Photo / NTB

Kjelde: Vesle norske leksikon