I boka Kjære Pølsa: Gi meg et kjæledyr! får Iris eit kjæledyr ho ikkje hadde venta seg.
Kvifor ville du skrive ei bok om å få kjæledyr?
– Eg likar å skriva om store draumar! Mange barn drøymer om å få sitt eige kjæledyr, og eg var absolutt ein av dei. Eg hugsar framleis den fantastiske kjensla eg fekk då eg som 11-åring pakka opp eit akvarium på julaftan.

Kva slags kjæledyr ville du sjølv hatt om du kunne velje heilt fritt?
– Oj, kanskje ei flaggermus på balkongen? Dei synest eg er veldig søte.
Kva er det morosamaste som skjer i boka?
– Det morosamaste er nok når Iris får feil kjæledyr. Då byrjar alt å gå skikkeleg gale!
Skriv du dagbok?
– Eg har skrive dagbok heilt sidan eg lærte å skrive. I boden i kjellaren min har eg ei heil kasse full av gamle dagbøker.
Kvifor heiter dagboka Pølsa?
– Det er fordi Emma, storesøstera til Iris, HATAR pølser! Derfor tenkte Iris at viss ho kalla dagboka si for Pølsa, ville systera aldri våga å lesa i henne.

Har du nokon gong masa så mykje om noko at du til slutt fekk det?
– Ja, det har eg. Eg hadde frykteleg lyst på hol i øyra då eg var lita, men foreldra mine syntest det var ein dårleg idé fordi eg hadde så mange allergiar. Til slutt ringde eg til ein lege sjølv for å spørja om det gjekk fint. Då legen sa at det ikkje var noko problem, hadde foreldra mine ingen unnskyldningar igjen – så då fekk eg hol i øyra!
Kva er det raraste kjæledyret du kunne tenkt deg å ha?
– Kva med ein blåkval? Då kunne eg sete på ryggen til kvalen medan han tok meg med på fantastiske oppdagingsferder.

Kva er det beste med å vere forfattar?
– Det må vera at eg får bruka fantasien min til å dikta opp sprø historiar!
Kva var favorittboka di då du var barn?
– Eg var veldig glad i Harry Potter-bøkene.
Kjem det fleire bøker om Iris og Pølsa?
– Ja, det gjer det!






















