Demokrati
- Demokrati er at alle får vere med å bestemme.
- I eit land med demokrati kan dei som har stemmerett vere med å velje kven som skal styre landet.
- For at det skal vere demokrati, er det viktig at ein kan si kva ein meiner, sjølv om ein er ueinig med dei som styrer – at ein har ytringsfridom.
Kjelde: Vesle norske leksikon
I Storbritannia er det ei bekymring at færre unge menneske bryr seg om politikk og demokrati. Politikk er meiningar om korleis ein skal løyse problem i eit samfunn, og korleis samfunnet skal vere. Demokrati er at alle får vere med å bestemme.
Den tidlegare læraren Greg Sanderson tenkte at barn kanskje lærer demokrati om dei får erfare det sjølv på skulen – ikkje berre høyre om det i timen. Greg laga derfor noko som heiter Smart School Councils, skriv Positive News.
Smart School Councils er ei plattform som elevane loggar seg inn på. Der finn dei tusenvis av diskusjonsspørsmål som handlar om skulen eller andre emne i samfunnet. Skular som brukar denne plattforma har vekevise diskusjonar mellom elevane.
Der kan alle elevane kome med idear, stemme og foreslå endringar.
Påverknadskraft
Gjennom dette tiltaket har elevar gjort endringar på skulen. Mellom anna bestemte elevane på ein skule at det skulle bli sett opp benkar der einsame barn kunne finne nokon å leike med.
No er det omtrent 750 skular i Storbritannia som bruker demokrati-plattforma. Lærarar seier at elevar blir tryggare, betre til å samarbeide og betre i munnleg, på grunn av ordninga.
Målet til grunnleggjaren Greg er å gi barn følelsen av at stemma deira betyr noko. Dette kan føre til at fleire tør å si meiningane sine og engasjere seg når dei blir vaksne, meiner han.
Det finst enno ikkje noko bevis for at ordninga fører til høgare politisk deltaking seinare i livet.






















