Litauen
- Litauen er eit land aust i Europa.
- Hovudstad: Vilnius.
- Innbyggjartal: 2,9 millionar.
- Språk: litauisk.
- Høgaste fjell: Josefsfjellet og Aukštfjellet. Begge er 294 meter over havet.

Kjelde: Vesle norsk leksikon
For fjerde år på rad blir Pink Soup Fest arrangert i Vilnius. Festivalen hyllar den tradisjonelle, litauiske retten šaltibarščiai – kald rødbetesuppe på norsk.
Til ære for den knallrosa suppa blir delar av Vilnius farga i barbie-rosa på ulike måtar. I tillegg blir det arrangert aktivitetar, konkurransar, konsertar og parade.

Suppa blir også heidra med ei Pink Break (rosa lunsjpause). Då samlar dei mange tusen festivaldeltakarane seg for å ete kald rødbetesuppe saman, skriv AP News.
Mange menneske kler seg i rosa for anledninga. Andre har på seg agurk-, egg- eller rødbetekostyme. Agurk, egg og rødbeter er, i tillegg til kefir og dill, viktige ingrediensar i den rosa suppa.























