Forskning.no har snakka med professor Vigdis Vandvik som forklarer at frø har eit slags sanseapparat som hjelper dei å forstå verda rundt seg.
– Om eit frø ikkje visste om tyngdekrafta, kunne det fått røter som voks opp og blad som voks ned, seier Vandvik.
Små korn viser vegen
Inne i frøet finst det bitte små stivelseskorn som blir kalla statolittar. Desse søkk alltid nedover inni cellene på grunn av tyngdekrafta.
Då skjønar frøet kva veg som er ned. Og slik veit frøet at det skal senda røtene i retning statolittane og blada i motsett retning.
Forskarane samanliknar det litt med små kuler i ei eske. Når eska blir snudd, trillar kulene ned til botnen. Slik kan planten merka kva veg som er ned.




















