Demokrati
- Demokrati er at alle får vere med på å bestemme.
- I eit land med demokrati kan dei som har stemmerett vere med å velje kven som skal styre landet.
- Demokrati er det same som folkestyre. Det betyr eigentleg at folket, menneska som bur i eit land, styrer.
- Det er vanskeleg om alle skal bestemme alt, derfor har ein heller val der folk stemmer på kven dei vil skal styre.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Ein konsekvens av klimaendringar er ekstremvêr. Ifølgje ein ny rapport frå organisasjonen International Institute for Democracy and Electoral Assistance påverkar ekstremvêr som flaum, skogbrannar og hetebølgjer mange val rundt om i verda, skriv The Guardian.
Rapporten viser at berre i 2024 vart 23 val i 18 land påverka. Totalt har 94 val i 52 land blitt forstyrra av ekstremvêr i løpet av dei siste 20 åra.
Nokre stader har vallokal blitt øydelagd, andre stader har folk måtta flykte fordi det var farleg å vere der og somme gonger har vala måtta bli utsett. Med det har menneske på ulike måtar blitt hindra i å stemme.
Til dømes vart eit val i Senegal ramma av flaum. Under eit val i Filippinane vart det så varmt at maskiner som tel stemmer slutta å fungere.
Forskar Sarah Birch meiner at land bør legge val til tider av året der det er minst sjanse for ekstremvêr.
– Det er viktig at folk får stemme, seier ho.






















