Konserten på stranda i Brasil er den største konserten superstjerna nokon gong har hatt.
– Tusen takk for at de lagar historie saman med meg, sa Gaga til publikum.
Fans – som blir kalla «Little Monsters» – hadde reist frå heile Brasil og Sør-Amerika. Mange hadde venta i fleire år for å få sjå Gaga.
– Eg har venta på dette i 15 år! sa Ana Clara, ein fan på 26 år til avisa The Guardian.
Spelar for alle
Gaga song både nye songar og gamle hittar som Paparazzi og Poker Face. Under songen Born This Way vinka publikum med regnbogeviftar for å støtta LGBTQ+-miljøet.
Konserten var gratis, så folk som elles ikkje har råd, fekk også vera med. Det gjorde opplevinga endå meir spesiell for mange.
– Å få sjå Gaga liva, utan å betala, er ein draum som går i oppfylling, sa 19 år gamle Hugo til The Guardian.