Paven er den øvste leiaren i Den katolske kyrkje, som er ei av dei største kristne kyrkjene i verda. Paven bur i Vatikanet, eit lite land midt i Roma i Italia.
Den gamle paven, Pave Frans, døydde i påska, då han var 88 år gammal. No skal kyrkja velja ein ny pave. Det skjer 7. mai, og det er kardinalane som stemmer. Kardinalane er viktige leiarar i kyrkja.
Trump: – Eg vil gjerne bli pave
Då Trump snakka med journalistar utanfor Det kvite hus, sa han med eit smil:
– Eg vil gjerne bli pave. Det ville vera førstevalet mitt.
Ein annan kjend politikar, senator Lindsey Graham, likte ideen og sa:
– Eg vart begeistra for å høyra at president Trump er open for ideen om å bli den neste paven. Det er ein usannsynleg kandidat, men eg vil be konklavet og Den katolske kyrkje om å ha eit ope sinn om moglegheita! skriv Graham på X.
Han skreiv også at det hadde vore spennande med ein kombinasjon av pave og amerikansk president.
Men… kan det skje? Det er veldig lite sannsynleg. For å bli valt til pave, må ein vanlegvis vera kardinal, og ein må ha støtte frå to tredelar av dei som stemmer. Ein må også vera katolikk.