Verdas sterkaste mann drog verdas største vikingskip

23. april blei eit 16 tonn tungt vikingskip sjøsett med hjelp av amerikanaren Martins Licis (34), i Nordfjordeid.

Myklebustskipet

I 1894 blei restar etter Myklebustskipet grave fram i Nordjordeid. Skipet var oppbrent, men tal på naglar og spikrar kunne fortelje forskarar at skipet hadde vore omtrent 30 meter langt. Det gjer vikingskipet til det største som noko sinne er oppdaga. Skipet blei truleg bygd på 800-talet og skal ha høyrt til kong Audbjørn av Fjordane.

Kjelde: sagastad.no

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2019 blei det laga ein kopi av verdas største vikingskip, Myklebustskipet, som no står utstilt på museet Sagastad Vikingsenter i Nordfjordeid.

I år tok verdas sterkaste mann, Martin Licis, turen til Noreg frå USA, for å hjelpe til med sjøsetjinga av skipet.

Ved hjelp av eit tau, drog han det 16 tonn tunge vikingskipet ut av museumsbygget.

SAGASTAD VIKINGSENTER: Kopien av Myklebustskipet har ikkje lang veg til sjøen frå museet Sagastad Vikingsenter, der det står innandørs resten av året. Foto: Tore Friele Lie

Folkefest

Kopien av vikingskipet blir årleg sjøsett på ulike måtar. I fjor var det 60 menn som trilla skipet ut av museet, men i år var det altså éin mann som skulle til pers.

– Dette gjekk veldig fint. Sjølv om det er ein stor operasjon, blei det ingen skade på folk eller skip, seier dagleg leiar på Sagastad Vikingsenter Eli Førde Aarskog.

Ho fortel at mange folk samla seg for å få med seg showet som fann stad då verdas sterkaste mann drog Myklebustskipet-kopien ut i vårlufta.

SIGERSBRØL: Martin Licis var fornøgd med innsatsen. Foto: Anniken Gjørøy

Har verdsrekordar

Martin Licis blir omtala som verdas sterkaste mann etter mellom anna å ha vunne styrkekonkurransen World’s Strongest Man i 2019.

Han har i tillegg fleire noverande rekordar i internasjonale styrkekonkurransar.