Dette er Mara Pihlstrøm
Alder: 15 år
Frå: Oslo
Hobbyar: Gitar, kor, teater, friluftsliv, baking og matlaging
Førebilete: Storesøster og farmor som begge har stort engasjement for klima
Draumejobb: Organisasjonsarbeid eller noko innan politikk
Hjartesak: At det skal bli slutt på å dele ut nye oljelisensar i Noreg
Saman med mor og far, ei fem år eldre storesøster og ei sju år yngre veslesøster, har Maria vakse opp midt i Oslo.
– Eg har vakse opp i ein familie som er opptekne av klima og miljø, og har fått visst om alvoret ved klimakrisa frå tidleg alder. Det har nok gjort at eg er så engasjert som eg er i dag, fortel Maria då Framtida junior møter ho på skulen hennar etter enda undervisning.
Organisasjonsarbeid
I niårsalderen introduserte familien Maria for organisasjonen Miljøagentene. Ho meldte seg inn og etter kvart som ho begynte å delta på arrangementa deira, auka klimaengasjementet til Maria endå meir.
– Eg fekk møte så mange hyggelege menneske som gjorde at eg blei veldig motivert og inspirert til å jobbe for saka.
Denne motivasjonen enda med at Maria blei ein del av Barnas klimapanel i 2023. Det fyrste året var ho vanleg panelmedlem og i fjor var ho nestleiar. No er ho valt som leiar.

Vil påverke valkampen
– Som leiar har eg lyst til å gjere så mykje eg berre kan for klima. Eg gler meg til å snakke med endå fleire politikarar, skrive meiningsinnlegg og halde appellar.
Spesielt ønskjer Maria at hennar og Barnas klimapanel sitt arbeid i år, kan vere med å påverke valkampen før årets stortingsval. Ho meiner at klima og miljø har fått for lite fokus i politikken i det siste.
– Men det betyr ikkje at klima ikkje er like viktig lengre. Det er heller viktigare enn nokon gong.

Håpefull
Trass i Maria sitt store engasjement, kan ho tykkje det blir demotiverande å jobbe med klima, når ein kjenner på at vaksne med makt ikkje tek ansvar.
Noko av det som rett nok gir Maria håp for framtida er å møte andre menneske – barn og vaksne – som engasjerer seg og bryr seg. Og dei er det mange av, ifølgje ho.
– Utan å sjå at andre bryr seg kan ein fort føle seg heilt aleine og tenkje at det ikkje er vits å bry seg «når ingen andre gjer det». Men å møte alle dei andre menneska som også engasjerer seg og jobbar saman for ein forskjell, gjer meg håpefull.

Framtidsdraumar
2025 er Maria sitt siste år i Miljøagentane og Barnas klimapanel, men ho har ingen planar om å leggje frå seg engasjementet av den grunn.
– Etter kvart har eg lyst til å få meg ein jobb der eg kan kjempe for klima- og miljøsaka.
Maria sin store draum for verda vi lever i, er at vi skal ha eit grønt og rettferdig samfunn.
– Eg tenkjer at å løyse klimakrisa er det aller viktigaste no, fordi det legg grunnlaget for å skape ei god og solidarisk verd.