Solformørking laurdag: Difor skjer det årleg

I helga vil det vere mogleg å sjå ei delvis solformørking over heile landet. Dette er årsaken til at fenomenet er ganske vanleg.

Typar solformørkingar
  • Total solformørking: Månen dekker sola heilt. Då blir det så mørkt at stjerner blir synlege på himmelen.
  • Ringforma solformørking: Månen dekkjer nesten heile sola, utanom kanten. Då ser månen ut som ei sort flate, med ein lysande ring rundt.
  • Delvis solformørking: Månen dekkjer for ein del av sola og lagar ein skugge framfor ho.

Kjelde: Lille norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Solformørking er når heile eller delar av sola er skjult bak månen på himmelen.

Sidan jorda går i bane rundt sola og månen går i bane rundt jorda, hender det at alle tre himmellegema er på ei rett line etter kvarandre. Då kjem altså månen mellom sola og jorda, og dekkjer delar av eller heile sola.

Solformørking skjer difor to til fem gongar i året, men om ein kan sjå fenomenet avheng av kvar på jorda ein er. I helga kan vi vere så heldige å få auge på fenomenet i Noreg. I alle fall viss ikkje skyene stenger for sola.

Delvis solformørking

Solformørkinga som finn stad laurdag mellom 12.30 og 14.15 kjem til å vere delvis. Det vil seie at berre delar av sola blir dekt av månen, skriv TV2.no.

I sørlege delar av Noreg vil månen skygge for omtrent 30 prosent av sola, mens nord i landet vil solformørkinga vere på nesten 40 prosent.

Under ei slik delvis solformørking kan ein få ei oppleving av at det blir mørkare og kaldare ute. Det er rett nok viktig å ikkje sjå rett på sola, då det kan skade auga. Vanlege solbriller er heller ikkje nok. Ofte er det beste å sjå refleksen av sola i eit vindauge for å sjå formørkinga.

TILSKODARAR: Barn studerer solformørking gjennom briller som skal gjere det trygt å sjå mot sola. Bildet er frå oktober i fjor i då det var solformørking i Argentina. Foto: Natacha Pisarenko / AP Photo