Mahmoud har hatt ei sterk stemme, og sagt høgt ifrå om at han ikkje likar angrepa i Israel og Palestina. Protestane han har deltatt på eller leia i USA, har vore fredelege. No sit Mahmoud i forvaring i USA.
Å sitje i forvaring betyr at han er fengsla, utan at det er avgjort kor lenge han skal sitje fengsla. For å bli sett i forvaring, så er det gjerne grunna at du er ein fare for samfunnet.
Så langt har det ikkje lagt fram bevis på at Mahmoud er ein fare for samfunnet. Men ifølgje BBC kan han bli sendt ut av USA. Mahmoud har grønt kort i USA, noko som betyr at han eigentleg har lov av myndigheitene i landet å bu og jobbe der.
The Guardian delte brevet som Mahmoud skreiv frå fengselet han sit i, i staten Louisiana. Der spør Mahmoud: «Kven er det som har rett til menneskerettar? Det er tydelegvis ikkje menneska som er krøka saman i desse cellene.»
Mahmoud ender brevet med eit ønske om å kome ut i tide til å møte sitt ufødte barn. Kona til Mahmoud er gravid, og det er ein månad igjen til termin.