Tips til deg som vil bruke stemma di i samfunnsdebatten

Ungdommens ytringsfridomsråd har seks konkrete tips som kan føra til ein betre samfunnsdebatt.

Saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du òg lese om at Bergen kommune er kåra til Årets nynorskbrukar.

I Ungdommens ytringsfridomsråd sin rapport om korleis det står til med ytringsfridommen for ungdom i Noreg, kjem det fram at dei ønskjer meir opplæring.

Veit du korleis du kan bruka ytringsfridomen din i praksis? Ytringsfridom er retten alle menneske har til å seia det dei meiner og ynskjer å seia noko om.

Dei kjem med seks konkrete råd for ein betre debatt:

1. Forstå meiningsmotstandaren

I ein diskusjon/dialog bør ein alltid prøve å forstå kva meiningsmotstandaren meiner. Ikkje baser kritikken din på noko du går ut i frå at vedkommande meiner.

2. Diskuter sak, ikkje person

3. Finn fellesskap

Undersøk om det finnast organisasjonar eller grupper som er interessert i det same som deg. Står ein saman, blir terskelen lågare for å engasjera seg.

4. Snakk med vener og familie

Det er mange måtar å bruka stemma si på! Det enklaste er å snakka med familie og vener om det ein er engasjert i. Så kan ein etterkvart organisera seg, lage kampanjar, lage kunst, bruke sosiale medium, skrive kronikk og så vidare.

5. Kva kan eg bidra med i denne saka?

Tenk: kva kan eg bidra med i denne saka? Vil diskusjonen bli betre med mine synspunkt? Burde eg lytta til andre før eg tek standpunkt? Korleis kan eg uttrykka meg slik at andre kjem til å forstå kva eg meiner?

6. Faktasjekk påstandar

Bruk tid på å finne kjelder og faktasjekke eigne påstandar. Tenk på potensielle motargument og gode argument mot desse. Då er du betre rusta dersom ein debatt skulle oppstå.