– Tryggleiksvaktene kom og sa til oss at me ikkje hadde lov til å demonstrera her. Det er dumt at me ikkje får bruka ytringsfridomen vår, fortel Viljar Olaussen (14), som er med i delegasjonen frå Miljøagentane i Noreg.
Viljar sit i Barnas klimapanel saman med Anna Halten Horn (13) som òg var med på å halda opp plakaten i få minuttar før dei blei stoppa av tryggleiksvaktene.
– Me fekk beskjed om at me ikkje hadde tillating til å stå der med plakaten, fortel Anna.
Fekk ikkje dela ut rapport
Barnas klimapanel hadde på førehand fått fleire restriksjonar. Det var til dømes ikkje lov å ta bilde av politiet og ikkje ropa. Dei hadde med seg Barnas klimarapport til klimatoppmøtet, men fekk beskjed om at dei ikkje fekk levera ut rapporten i det svære konferansesenteret til klimatoppmøtet.
– Me gjorde likevel, smiler Viljar Olaussen på videointervjuet med Framtida Junior.
– Det er viktig at barn får betre høve til å ytra seg om klima, seier Anna.
Får kritikk
Klimatoppmøtet i Baku i Aserbajdsjan har fått kritikk for manglande ytringsfridom. Viss du skal halda demonstrasjonar her, så kan du gløyma å ropa slagord, synga, eller nemna spesifikke namn. Det fekk delegatane frå organisasjonen Spire erfara då dei måndag skulle demonstrera saman med andre frå sivilsamfunnet, melder Framtida.no.
– Det er kjempealvorleg at ytringsfridomen blir avgrensa så mykje på klimaforhandlingane, skriv Spire-delegat Cari Anna Korshavn King til Framtida.no.
På botn i ytringsfridom
I fjor var klimatoppmøtet i Dubai, og året før der i Egypt. Alle dei siste tre landa ligg på botn i ytringsfridom i verda, ifølgje The Global Expression Report.
– Det er dumt at dei arrangerer klimatoppmøte stader der det ikkje er ytringsfridom, seier miljøagentane Viljar og Anna.
Til neste år blir klimatoppmøtet arrangert i Belem i Brasil, og ungdommane ser fram til at det skjer i eit land med høg grad av ytringsfridom.