Seinast i dag trødde eit nasjonalt totalforbod mot mobiltelefonar i grunnskular i Brasil i kraft. Her heime har kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun tilrådd mobiltelefonforbod i norske skular.
Mobilforbod i friminutta
Mange er uroa for kva den utstrekte skjermbruken gjer med barn og unge si psykiske helse, trivsel, konsentrasjon og læring.
Nokre studiar har peika på at mobilforbod betrar psykisk helse og læring, medan andre har kritisert funna.
I ein ny britisk studie har forskarar samanlikna elevane sine resultat, konsentrasjon i timane og psykiske velvære, sett i samanheng med mobilforbod i skulen.
Forskarar frå University of Birmingham har sett på svara frå 1227 elevar frå 30 ulike ungdomsskular og sett dei i samanheng med reglane for smarttelefonar i friminutta.
Resultata av forskinga er publisert i The Lancet’s journal for European health policy.
Negative konsekvensar av tidsbruk
Ifølgje forskarane var det ikkje noko samanheng mellom mobilforbod i skulen og elevane si psykiske helse og skuleprestasjonar.
Dei fann likevel ein samanheng mellom den totale tidsbruken på smarttelefonar og sosiale medium og psykisk helse, skuleprestasjonar, søvn og oppførsel i klasserommet.
– Det me antydar er at desse forboda isolert sett ikkje er nok til å takla den negative påverknaden, seier forskingsleiar Dr. Victoria Goodyear til BBC.