Skulane kan bli mobilfrie innan kort tid

Allereie over nyttår kan dei norske skulane vere mobilfrie, opplyser kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NRK.

Kunnskapsministeren har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle ei tydeleg tilråding til norske skular for å unngå mobilbruk. Det fortel Dagbladet.

Men det er ikkje snakk om eit forbod i første omgang.

– Det vil ta for lang tid å få på plass eit forbod. Å gi ei tydeleg tilråding kan gjerast langt raskare. Inntil to–tre månader er målet, seier ho til NRK.

Både lærarar, forskarar og kunnskapsministeren meiner mobiltelefonane fører til dårlegare læring og utanforskap og mobbing.

Er det greit med mobilforbod på skulen?

Er det greit med mobilforbod på skulen?

Ja! heilt klart.53
Delvis greitt.31
Nei!264
Absolutt ikkje greit.48
Veit ikkje18
Svar totalt: 414