Aksel og Elise elskar å lese: – Ein kan bli veldig smart

Leselyst og leseevne blant barn og unge i Noreg går nedover. Dette tykkjer Aksel og Elise er rart.

Aksel og Elise er elevar på sjette trinn ved Loar skule i Lom. Dei er begge glad i å lese bøker, då dei tykkjer det både er spennande, artig og ikkje minst lærerikt.

– Det går an å lese så mykje forskjellig, seier Aksel ivrig.

– Ein kan i tillegg lære nye ting og få vite mykje ein ikkje visste frå før, påpeiker Elise.

Viktig å lese

Leseundersøkinga 2024 viste rett nok at leselyst og leseevne blant barn og unge i Noreg går ned. Aksel og Elise tykkjer dette er ei rar utvikling, då dei meiner det er viktig å lese.

– Ein kan bli veldig smart av å lese, seier Elise.

– Ein kan også bli betre til å skrive om ein les mykje, legg Aksel til.

LESEGLAD: For tida les Aksel boka Gutt av Roald Dahl. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Merete, barne- og ungdomsbibliotekar ved Lom folkebibliotek, meiner òg at god leseevne er viktig for å forstå det som skjer rundt seg og for å kunne ytre seg skriftleg.

– Det er viktig å kunne lese godt for å kunne delta i samfunnet.

Skjermbruk

Dei to sjetteklassingane er usikre på kvifor barn og unge i Noreg les mindre, men dei tenkjer at det kanskje kan handle om skjermbruk.

– Barn og unge får telefon veldig tidleg, og då blir ein meir og meir fokusert på det. Då blir det kanskje mindre tid til å lese, seier Elise.

– Det er lurt å lese om ein kjeder seg, i staden for å spele på telefonen, tipsar Aksel.

LÆRING I LESING: Elise er glad å lese bøker ho kan lære noko av. Ho likar spesielt godt å lese og lære om korleis det var i Lom før i tida. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Bibliotekar Merete meiner òg det er viktig å slutte og skrolle, og heller ta fram ei bok.

– Ein treng ikkje å vere storlesar for å vere ein god lesar. Det er berre at ein må lære å lese godt og då trengst det mengdetrening som barn.

Lesetips

Trass at Aksel og Elise sjølve kan tykkje det er vanskeleg å legge bort telefonen for å lese, har dei eit triks som gjer det enklare: Finn ei bok som handlar om noko du sjølv tykkjer er artig eller spennande.

– Alle har noko dei tykkjer er artig og bøker kan handle om så mykje, seier Aksel.

– Ja! Eg liker veldig godt å lese historie, spesielt om andre verdskrig. Då lærer eg om korleis det var i verda på den tida, fortel Elise.

Ho likar òg teikneseriebøkene Nordlys. Elise tykkjer desse bøkene er veldig spennande fordi ein kan leve seg inn i ei anna verd.

– Eg likar også å lese om historie, men eg er aller mest glad i Donald, seier Aksel.

Han meiner at det kan vere lurt å starte med å lese teikneseriane om Donald Duck om ein ikkje er så glad i lese i utgangspunktet.

Donald er bra fordi det er ikkje berre éin plass og éi historie, men det er så mykje forskjellig som kan skje, avsluttar Aksel.