8. september er Den internasjonale dagen for leseferdigheit. Dagen minner oss om kor viktig det er å kunna lesa. Men korleis går det eigentleg frå å kjenna att bokstavar til å lesa ei heil bok?
Ingen blir fødde med evna til å lesa. Hjernen er laga for å læra språk, men ikkje for å lesa. Lesing er noko menneske har funne opp. Derfor må hjernen øva seg på å kopla bokstavar til lydar og ord. Etter kvart går det fortare og fortare.
Frå bokstavar til ord
Når barn lærer å lesa, startar dei ofte med éin bokstav om gongen. Dei lærer at bokstaven M har ein bestemt lyd, og at A har ein annan. Når lydane blir sette saman, kan M og A bli til MA. Slik blir små lydar til ord.
Etter mykje øving treng ikkje hjernen å lesa éin og éin bokstav lenger. Han kjenner att heile ord på ein gong.

Kvifor les nokon fortare enn andre?
Hjernen blir betre til det han øver på. Jo meir du les, desto lettare blir det å kjenna att ord og forstå det som står.
Samtidig lærer alle i ulikt tempo. Nokre lærer å lesa tidleg, medan andre treng litt meir tid.
Ingen lærer å lesa på heilt same måte. Nokre synest bokstavane gir meining nesten med ein gong, medan andre må øva meir. Det finst mange vegar til å bli ein god lesar, og barn utviklar seg i ulikt tempo.
Kjelder: Utdanningsdirektoratet – lesing, Utdanningsdirektoratet – læring og trivsel, Store norske leksikon






















