Ryggsekkar med solcellepanel hjelper skuleborn i Tanzania med å lese i mørket

Mangel på elektrisitet gjer at mange born i landet vert hindra i å gå på skulen. Men no har det komme ei ny løysing.

Mange stader og familiar i Tanzania manglar tilgang på elektrisitet. Sola går ned rundt klokka 7 heile året, og då kan det vere vanskeleg for born å lese lekser eller andre bøker.

For å ha lys om kvelden må mange bruke oljelampar, som gir dårleg leselys og er dyre å fylle opp.

Det ville 33 år gamle Innocent Joseph gjere noko med. Han fann opp ein heilt ny skulesekk som har solcellepanel på framsida. Sekkane vert lada opp på dagtid, og når det blir mørkt kan elevane få leselys frå ein innebygd leselampe, sjølv om dei ikkje har elektrisitet heime.

Nokre sekkar har også ein USB-inngang, så borna til dømes kan lade opp mobiltelefonar. Sjølve sekken er sydde av gamle, resirkulerte sementposar.