I naturen har gullfiskar god plass, planter og sand, men i ein liten bolle blir dei stressa. Stress gjer fisken sjuk, svolten og sur, ifølge Ung.forskning.no
Veks heile livet
Gullfisken veks heile livet, men i trange bollar vil innsida av fisken halda fram med å veksa medan utsida stoppar. Det er ikkje bra for fisken.
– Gullfisken bør eigentleg ha eit akvarium på minst 200 liter, seier Thomas Østerhus til Ung.Forskning. Han jobbar ved Akvariet i Bergen.
Viktig å vita for deg som vil skaffa deg ein gullfisk:
- Reint vatn er viktig; bytt ut 20 % av vatnet kvar veke. Gullfisken produserer nemleg mykje avfall, som kan gi giftig ammoniakk i vatnet.
- Mange droppar filter i bollar fordi det ikkje ser fint ut. Men filter er kjempeviktig og aukar oksygen og held vatnet reint.
- Gullfisk er sosiale og trivst godt saman med andre gullfiskar.