Forskarar har lært gullfiskar å køyra bil

Forskarar i Israel har lært gullfiskar å gjera noko heilt uvanleg – nemleg å køyra robotbil på land.

0

– Slik som alle som har lært seg å sykla eller å køyra bil veit, var det utfordrande i byrjinga.

Det seier Shachar Givon i ei pressemelding frå Ben-Gurion University of the NegevHo er ein av forskarane som står bak studien med gullfisk som sjåførar. Saman med fleire andre forskarar ved det nemnde universitetet i Israel, ville ho finna ut om gullfisk hadde evna til å finna vegen, sjølv under noko me kan kalla svært uvanlege tilhøve, skriv Newsforkids.

Og jammen skulle det visa seg at gullfiskane hadde full kontroll – sjølv på tørt land. 

Nytta eit heilt spesielt system

For å sjekka om gullfisken greidde å finna vegen, utvikla forskarane ein spesiell robotbil som dei har gitt namnet «Fish Operated Vehicle / FOV». Denne kunne gullfisken køyra framover, bakover og frå side til side.

Ein gullfisk vart plassert inne i ein vasstank om bord på FOV-en. Ved å nytta eit heilt spesielt system, kunne forskarane sjå kva veg gullfisken sumde inne i tanken, og FOV-en køyrte slik i den same retningen som gullfisken.

Men kva skulle gullfisken faktisk finna fram til? Jo – eit rosa teikn inne i eit lite rom.

Det rosa merket på veggen var målet til gullfisken. Foto: Ben-Gurion University of the Negev

Viste stor framgang

FOV-en med gullfisken vart plassert inne i rommet der forsøket vart registrert. I starten tok det opp mot ein halv time før gullfisken greidde å finna fram til det rosa teiknet. Men etter litt øving, hadde fisken greidd det på under eit minutt!

Då han hadde greidd å finna fram, fekk han mat som belønning.

Eksperimentet viste forskarane at gullfiskar greier å finna fram til eit mål. I tillegg greidde dei å unngå å bli lurt av andre fargar enn rosa i det vesle rommet. Dei greidde også å frigjera «robot-bilen» då den stod fast inntil ein vegg.

Her kan du sjå ein video av eksperimentet: