Stenger skular på grunn av luftforureining

Skular i den indiske hovudstaden Delhi måtte stenge på grunn av luftforureining.

Ifølgje styresmaktene i byen er forureininga i lufta i november 50 gongar meir enn det som blir rekna som trygt. Alle grunnskular blei difor stengde, og barna måtte ha heimeskule over nett.

Luftforureining er verre om vinteren. Då er det lågare temperatur, mindre vind, meir støv og det er vanleg å brenne åkerområde etter innhausting. Saman med dei vanlege utsleppa blir det då eit dårleg luftmiljø.