Noreg har heilt fram til slutten av 1900-talet ført ein politikk som har gått hardt ut over kulturen, språket, identiteten og levevilkåra til samane, kvenane og norskfinnane. Mange barn måtte flytta frå familiane sine for å bu på skular der dei berre fekk snakka norsk.
– Med dette ber Stortinget om unnskyldning for tidlegare stortings aktive rolle i fornorskingspolitikken, og erkjenner ansvar for konsekvensane av denne politikken for grupper og enkeltindivid, skriv kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget i innstillinga si i saka.
Alle partia i kontrollkomiteen, med unntak av Frp, stiller seg bak denne formuleringa.