Myr
Myr er eit blautt landskapsområde der planter rotnar seint. Ei myr består derfor av ulike lag av delvis rotna planterestar. Desse laga blir kalla torv. Det blir stadig danna nye lag torv i ei myr, fordi det heile tida kjem nye plantar på overflata av myra.
Kjelde: Store norske leksikon
I Noreg har myrer blitt øydelagt opp gjennom åra. Dette har mellom anna skjedd som følgje av tømmerdyrking, skriv NRK.
Konsekvensane av desse øydeleggingane er alvorlege.
Myra lagrar klimagass
Myrlandskap har den svært viktige eigenskapen at han lagrar karbon. Karbon er ein klimagass og naturleg lagring av denne gassen er dermed til stor hjelp for klimaet.
Myrene samlar òg opp vatn som svampar når det kjem store mengder nedbør. På denne måten kan dei vere med å hindre flaum.
I tillegg filtrerer myrer vatnet så det blir reint.
Millionar av kroner
Sidan 2015 har Noreg brukt mange millionar kroner på å restaurere myrer rundt omkring i landet. Å restaurere vil seie å sette noko i stand att slik det opphavleg var
Det kan likevel ta tusenvis av år før myrene er like seg att.