WWF
Ein internasjonal stiftelse som har som mål å bevare trua dyre- og planteartar. WWF står for World Wildlife Fund.
Kjelde: Store norske leksikon
Denne er dyster lesnad for alle som er engasjert i verdas dyreliv.
I perioden 1973 til 2020 har verdas dyrebestandar gått ned med 73 prosent, står det i rapporten.
Rapporten har sett på bestanden av over 5500 ulike artar amfibium, fisk, pattedyr, fuglar og reptil.
Dei norske dyreartane lundefugl, lomvi, villrein og ulv går alle tilbake, og er alle artar som er raudlista fordi dei er truga.
– Det krevst ein massiv innsats om me skal klara å stansa naturtapet før det er for seint, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdas naturfond til VG.