I 2023 vart rekordmange bøker bannlyste frå skular og bibliotek i USA. Mange av dei bannlyste bøkene har hatt LHBTQ+- eller rasismetematikk.
No har guvernøren i California signert ei lov kalla «Fridom til å lese», som slår fast at offentlege bibliotek ikkje har lov til å fjerne bøker eller nekte å kjøpe inn bøker basert på synspunkt, idéar eller meiningar.
– Bannlysing av bøker går seg utover røystene og livserfaringane til LHBTQ-folk og etniske minoritetar, seier politikaren Al Muratsuchi.
Den aktuelle lova gjeld ikkje på skulebibliotek. Men California har tidlegare innført ei lov som forbyr offentlege skular å bannlyse bøker på grunn av LHBTQ+-tematikk.