Sem (13) er munk – og ser sjeldan familien sin

Sem Tola (13) er buddhistmunk i Kambodsja. Han får gå på skule, men lever etter strenge reglar og får ikkje ha mobiltelefon.

Klokka ni kvar morgon går 13 år gamle Sem Tola rundt i utkanten av Kambodsjas hovudstad Phnom Penh med ei tom skål.

– Folk kjem og fyller skåla med ris og annan mat. Dei som gjev mat til ein munk, blir velsigna, seier Sem.

Lever som Buddha

13-åringen sit på kne framfor ein Buddhafigur i ein pagode, eit buddhistisk tempel.

– Munkelivet inneber at me freistar å leva på same vis som Buddha, forklarar Sem.

Det er tusenvis av unge gutar i Kambodsja som har valt – eller av ulike årsaker blir tvinga – til å bli munkar. Ein del alt frå femårsalderen.

Nokre blir munkar fordi dei ikkje har familie. Andre fordi foreldra ikkje kan forsørga dei. Som munkar får dei bustad, mat og undervisning i pagodane. Sjølv om alle barn har rett til utdanning, er undervisninga i fellesskulen ofte dårleg.

Når Sem Tola (13) er 20 år kan han bli ekte munk. Han veit ikkje om han vil vera munk heile livet og vurderer å utdanna seg til lærar. Foto: Jesper Klemedsson Sotomayor

227 reglar

– Eg gjekk på ein vanleg skule til eg var åtte år. Eg lærte meg verken å lesa eller skriva. Difor hoppa eg av for å bli munk, seier Sem.

Sem bur på sovesal med tolv andre gutar. Dei må følgja 227 reglar. Dei får ikkje lov å banna, lyga eller mora seg.

– Det er ok å seia hei til jenter, men det er forbode for oss å røra ved dei. Vi får berre sjå på TV ein gong annakvar veke. Og då ser vi på program om buddhisme. Det er heller ikkje tillate å bruka mobilar eller internett. Me får eta kjøt, men det er forbode for oss å drepa dyr, seier Sem.

Til saman 170 munkar bur på pagodeområdet. Den yngste er ni år og den eldste er 40 år. Foto: Jesper Klemedsson Sotomayor

Får ikkje middag

– Det er forbode å eta etter lunsj. Vi må venta til neste morgon. Det var tøft i byrjinga, men no har eg vent meg til det. Vi drikk vatn, te og jus for å kjenna oss mindre svoltne, seier Sem.

Ein del reglar varierer mellom ulike pagodar, men her er det ikkje tillate å leika eller driva med idrett.

– Vi har berre fri frå skulen fire dagar i månaden. Då ryddar vi heile pagodeområdet, seier Sem.

Det er eit eige hus der gutane kan vera med familiane sine når dei er på besøk. Dei som bur langt heimanfrå, kan besøka familien under nyttårsfeiringa. Då har dei fri i tre dagar.

Barnemunkane samlar inn mat frå givarar og får ikkje lov å eta etter lunsj. Foto: Jesper Klemedsson Sotomayor

Saknar mobiltelefon

Kambodsja har skrive under FNs barnkonvensjon. Reglane til barnemunkane bryt nokre av punkta, som rett til informasjon via internett, radio og tv. og retten til leik, kvile og fritid.

Først på vidaregåande får dei bruka mobilar og internett i studia.

– Når eg ser eldre munkar bruka mobilane, så kjenner eg at eg òg vil ha ein. Det er det einaste eg saknar iblant, avsluttar Sem.